Kunngjeringar
Raudbetar
Teikning: May Linn Clement
I sekundet før knekkebrødet med leverpostei og raudbetar snur seg feil veg, skjøner Leif at det går gale, i rein refleks reiser han seg og blir ståande med armane rett ut til sida. Det hjelper ingenting, skjorta han går i heile tida, er full av små og store raudbeteflekkar. Vanlegvis er ikkje Leif så nøye på det, men desse flekkane kjem alle til å sjå med ein gong. Ikkje berre spesialistane som har eit trent auge for alt som ikkje er som det skal vere, anten det er flekkar, hår som stikk ut, lodottar, noko mellom tennene eller snott som heng frå nasen.
Kva er det som tek så lang tid? Kjærasten skulle berre ein rask tur på butikken. Raudbeteflekkar må ein ta med ein gong, men han veit ikkje korleis og har aldri vore åleine før når dette har hendt.
Leif ringjer for å høyre med Siv om det er noko han kan gjere før ho kjem tilbake. Siv tek ikkje telefonen, det er utgjort. Han lèt det ringje til svararen koplar inn. Stemma hennar seier at ho dessverre ikkje kan ta telefonen, men at han berre må leggje att ein beskjed. Leif trur han legg på, men telefonen tek opp: skrapelydar og at han snakkar med seg sjølv, romsterer, snyter seg og kremtar, slik Leif gjer når han er åleine.
– Du har så mange klede du aldri brukar, plar Siv seie.
– Kan du ikkje ta ei av dei andre skjortene som heng i skapet?
Siv forstår ikkje, eller så gjer ho seg dum og vil ikkje forstå. Det er ikkje eit alternativ å gå i ei anna skjorte, og det var ein tabbe å ikkje kjøpe fleire av same sorten den gongen han fyrst hadde sjansen. Leif har ikkje sett desse skjortene til sals nokon annan stad. Og ingen kan gje han eit skikkeleg svar på kvifor. Men det er så typisk at når ein kan gjere det heilt store, kjem noko anna og stel merksemda, livet seier: Sjå her heller, dette er noko for deg, no må du fylgje med, og så fylgjer du med og gløymer det lure du skulle gjere.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.