Lita skrift

Rampestrek

Publisert

«Når ein manglar prikken over i-en, er det berre å setja strek», blir det påstått. Det er no jaggu lettare sagt enn gjort.

Fyrst må du finna ut kva strek det er tale om: minus, bindestrek, replikkstrek, understrek, kort tankestrek (N-dash, med lengd som ein stor N) eller lang tankestrek (M-dash). Den siste blir, framleis, ikkje brukt på norsk.

Før i tida greidde me oss med lite. Me åt seilaks, og i skrift var éin fattig strek nok – bindestreken. Stod han fyrst i setninga, dugde han som replikkstrek òg. Mellom ord, med pustepause før og etter, gjorde han til og med teneste som tankestrek.

Datamaskinen, og mobiltelefonen, prakka sidan på oss understreken (_), som er ubrukeleg i tekst (utan at ein søk-erstatt-funksjon byter han ut med tale/tankestrek).

Trugsmålet mot dei skriftlærde har alltid vore at lekfolk ein dag faktisk skulle ta skriftspråket i bruk – og såleis kontaminera det med folkelege ord, ordformer og uttrykk som ikkje heng på greip, teiknsett i hytt og vêr. Og no er me komne dit at kven som helst får tasta med begge tomlane og ufiltert nå ut alle plattformer.

Dei skriftlærde svarer frå elfenbeinstårnet med å draga opp stigen og barrikadera seg bak stadig nye reglar, normer og kryptiske teikn og kombinasjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement