Sport
Pulssnakk
Siv Jensen bør ikkje stole på pulsklokka si når ho skal ut og trene.
Foto: Lise Åserud / NTB
Då eg las den nedslåande forskinga om pulsklokker, gjekk tankane mine til alle samtalane eg har hatt dei siste ti åra om puls. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har sete rundt lunsjbordet og høyrt nokon fortelje om den høge pulsen dei hadde på økta i går. Bordet undrar seg saman: 220 slag i minuttet, kan det vere mogleg? Eller det er motsett – at pulsen har vore unormalt låg: Kan det hende hjartet stoppa lite grann der oppe ved Sognsvann?
Etter alt å dømme er hjartet friskt, det er pulsklokka som er sjuk. Ifølgje ny forsking lyg klokka deg rett opp i trynet. Å måle puls rundt handleddet under trening er nemleg vanskeleg. Pulsslaga blir målte optisk, som vil seie at klokka brukar lys og estimerer hjartefrekvensen ut ifrå blodstraumen i handleddet. Rørsler og temperatur på huda påverkar målinga, og svara blir svært unøyaktige. Ofte vart pulsen for høg. Noregs idrettshøgskule skriv svart på kvitt at «pulsklokker er ubrukelige til å måle puls under trening».
Dersom ein skal måle puls under trening bør ein bruke eit pulsbelte som blir festa rett under brystbeinet. Beltet måler dei elektriske signala direkte frå hjartet og er godt dokumentert som ein påliteleg og gyldig målar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.