Humor

Propp!

Propp i Bogstadvegen, her frå butikken Zara blei opna i 2006.
Publisert Sist oppdatert

Helvete er dei andre, heiter det ein stad. I så fall må Bogstadvegen i Oslo vere skjærselden, særleg når butikkane tjuvstartar julesalet ein gong i midten av august kvart år. Frå då av er det berre for oss fastbuande å gi oss ende over. Småbarnsforeldra kjem opp for å handle inn julegåver og okkuperer heile fortauet med barnevognene som små, uangripelege panserfartøy. Tenåringane kjem for ein gongs skuld ut i frisk luft og står og vegeterer over ein mobil midt i gangvegen. Og aller verst: På kveldstid er det julebord, og gateløpa blir forvandla til eit fyllekalas. Dagen etter må vi fastbuande hoppe paradis i eit minefelt av spyrestar og pisslukt.

Slik liknar gata ein slags urban versjon av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Fotgjengarane gjer det til sin livsmisjon å blokkere fortauet for dei fastbuande. Skal du på jobb? Legg til tjue minutt på reisetida, medan du freistar åle deg forbi middelaldrande menn med markeringsbehov, og som derfor ravar over fortauet i ein uføreseieleg sikksakk ingen kan forsere. Skal du på nærbutikken? Rekn med beinbrot, for elsparkesyklistane svevar forbi deg som menneskelege torpedoar.

Men handlekraft, det har vi. Her er tre tiltak for å motverke ugjennomtrengelege fortau i adventstida:

Tiltak éin: Spiss olbogane! Det eldste trikset i boka for dei som vil fram her i verda. Blir olbogane såre av all dultinga, kan du forsterke dei ved å teipe fast ein brustein til kvart ledd. Då blir det garantert framgang.

Tiltak to: Kjøp inn hyrdingstav. Tidlegare blei reiskapen nytta for å halde orden på buskapen, men han fungerer utmerkt på folk òg. Sjølv eksperimenterte eg med hyrdingstaven då eg var lærar, og måtte stoppe elevar som prøvde å snike seg ut av tysktimen. Dra krumstaven rundt nakken på sikksakkgjengarane og sett dei på plass.

Tiltak tre (om du ikkje lukkast med dei andre): Kjøp inn valium, pust med magen og hald deg heime. Snart er julestria over.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement