Innsida
Prestar og depresjon med meir
Eg les i skrivande stund ei overskrift på nrk.no (her snakkar vi multitasking!): «Prest trudde han var blitt deprimert.» (Dette er eit av dei tilfella då ein bør nøye seg med å lese overskrifta og ikkje resten.)
Eg har gjennom eit langt og mangslunge liv kjent etter måten mange prestar, fleire av dei høyrer til mi eiga slekt, og dei har trudd mange ting! Så det å tru at ein er blitt deprimert, vil ikkje score særleg høgt i denne samanhengen.
Her er ei forsøksvis liste over ting prestar eg har kjent, har trudd dei har blitt:
Lottomillionær
Eit betre menneske
Idrettshelt
Biskop
Varulv
Korrupt
Venn av Jeffrey Epstein
Statsminister
Svindla av Terje Rød-Larsen og Mona Juul
FN-ambassadør
Jesus
Hemmeleg agent
Og dette er berre toppen av isfjellet. Så i ein slik samanheng nyttar det lite å stå fram med ein imaginær depresjon.
Korrupsjon – ein uting?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.