Kunngjeringar

Presangen til tante Edna

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Sjølv om alle er einige om å ikkje gje presangar til dei vaksne, har Johannes og Siv Randi alltid gitt ein liten ting til tante Edna. Ho er einsleg og sit mykje åleine. Så det skulle berre mangla.

Tradisjonen er å ta med presangen til tante Edna i kyrkja på julaftan og stikka han til ho i skjul – eller skjul er ikkje rette ordet, dei gjer det i all stille, berre av eit godt hjarte.

Men no har dei på Holmen fått nyss i dette, og meiner at tantene på deira side òg må få presang. Dei påstår at det er fleire som reagerer.

Nokre av Holmen-syskena har sendt ufine meldingar til Johannes, men Siv Randi seier at dei berre kan halda heilt kjeft. Holmen-folket har vel aldri brydd seg om nokon av avtalane som er inngått gjennom åra. Det har alltid vore slik at ungane skal få presangar fram til dei blir konfirmerte, men på Holmen har dei hatt si eiga tolking av den regelen, og slutta å gje presangar til alle andre ungar når deira var ferdig konfirmerte.

Og i åra då ungane fekk presangar, var det aldri snakk om å spørja kva dei ønskte seg. Nei, dei kjøpte berre noko krimskrams som ingen hadde bruk for, antakeleg med vilje sidan dei berre har to ungar sjølv, medan Johannes og Siv Randi har fem. Men slik blir det når du ikkje ser lenger enn din eigen nase og snur på kvar einaste krone.

Dei på Holmen meiner at sjølv om tante Edna sit mykje åleine, er ikkje det god nok grunn til at ho skal få presang og ikkje resten av tantene. Det er for så vidt rett at Edna har valt eit slikt liv sjølv, ho kan ikkje skylde på andre. Skal det bli noko på deg, nyttar det ikkje å sitja og gnura i di eiga stove eit heilt liv, slik ho er på god veg til å gjera. Du må oppsøkja stader der folk treffest, og pynta deg litt. Men – det er jo ikkje sikkert Edna har hatt interesse av å finna seg ein mann, og det må folk akseptera. Ho er noko for seg sjølv, heile tante Edna, men alltid smilande og med godt humør. Det må vera lov å gje ho ein presang utan at det skal bli verdas undergang av den grunn. Så får Holmen-folket seie akkurat kva dei vil, der er det jo vondt blod frå før av uansett.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement