Frå innsida

Portvin i handelskrig og politikk

Publisert

Porto er ein vakker by som ein gjerne kan ha som reisemål. I dei tronge gatene i gamlebyen er det nok av trivelege restaurantar med god portugisisk mat – og naturlegvis portvin. Opphavet til denne eksportvara frå den portugisiske hamnebyen ved Douro-elva skriv seg frå ein handelskrig mellom England og Frankrike på 1600-talet. Det var forbode å importera fransk vin til England, så ein laut sjå andre stader etter god drikke.

Sidan Portugal låg lenger unna, tilsette engelske kjøpmenn sprit i vinen frå Douro-dalen, slik at han skulle tola sjøreisa til England. Det vart stor suksess, som framleis har stor verdi for Porto. Handelskrig kan altså føra med seg noko godt.

Her heime kan me takka portvinen for at Vinmonopolet vart skipa. I 1923 laut me oppheva forbodet mot sterkvin for å få selt klippfisken vår til Portugal og Spania. Kravet var enkelt nok: Skal me kjøpa fisken dykkar, så lyt de kjøpa vinen vår. For at alt skulle gå føre seg i ordna former, vart Vinmonopolet til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement