Kunngjeringar

Pissetrengd

Publisert Sist oppdatert

Kjell er ute i hagen bak huset og pissar igjen. Han har stilt seg midt på plenen, vend mot byggjefeltet i skråninga. Heldigvis er det eit stykke opp dit Ingrid og mannen Knut Ove bur. Men ikkje lenger enn at Ingrid får det med seg. Ho stoppar og står så stille ho greier, det ville vore flautt for begge å bli oppdaga, men mest for han.

Det er ikkje noko eingongstilfelle, som regel ser ho han fleire gonger i veka. Knut Ove seier at Ingrid må slutta å bry seg om kva Kjell held på med i hagen sin. I byrjinga lurte ho på om det var noko gale med toalettet, eller om dei heldt på å pussa opp. Det er typisk folk å fiksa på eit eller anna når dei har budd saman ei stund og forholdet kanskje byrjar å skranta.

Det er merkeleg korleis enkelte steller seg. Ingrid kunne aldri budd nede i det hòlet. Sola forsvinn i november og kjem ikkje tilbake før i mars. Oppe i høgda er det noko anna, her er det sol heile året og større avstand mellom husa.

Sjølv om Knut Ove ikkje er like ivrig som Kjell, gjer han akkurat det same, berre ikkje like ofte, og aldri når Ingrid er i nærleiken. Dessutan prøver han å pissa på same staden kvar gong. Heilt i kanten av hagen, til høgre for ripsbuskane. Det er det enklaste når han ute og jobbar med eit eller anna og ikkje gidd ta av seg på beina og gå inn.

I tillegg til å sjå rett ned der Kjell og dei bur, har Ingrid og Knut Ove utsikt over heile bygda, med elva som buktar seg gjennom sentrum: kyrkja, butikkane, skulen og rådhuset. Andre stader betaler folk i dyre dommar for ei slik utsikt. Det er eit privilegium og ein viktig grunn til at dei trivst så godt akkurat her. På klare dagar er det mogleg å sjå havet, men ikkje i dag.

Det er tydeleg at det er ei stund sidan Kjell har tømt seg. Han står lenge; det berre renn og renn. Ingrid forstår ikkje at Kjell kan vera så dum og tru at han er usynleg. Regelen er vel at ein skal gøyma seg litt vekk. Han er ingen liten mann heller. Plystrar gjer han òg; skulle mest tru han prøver å tiltrekkja seg merksemd. Melodien er kjend, men Ingrid kjem ikkje på kva songen heiter.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel