Frå bridgeverda

Påskebridge

Soknedal i Midtre Gauldal, åstad for ein tradisjonstung påskebridge. Foto: Google Street View
Publisert Sist oppdatert

Det har vore påske. Mykje blir sagt og skrive om påskebodskapen, så det kan vera greitt å nyansere litt: Påska handlar òg om bridge. No i år nytta dei norske juniorane høgtida til å spela nordisk meisterskap i Middelfart i Danmark, og her på berget er påskebridgen på Olrud ved Hamar den største og mest populære. Men ein kan spela påskebridge i alt frå Luster til Lierne, frå Søgne til Sortland.

I mitt ringe liv er påskebridgen på Berkåk den stoltaste og einaste påsketradisjonen. Det var eit hardt slag då arrangøren Berkåk bridgeklubb for nokre år sidan såg seg nøydd til å flytte tevlinga frå samfunnshuset på Berkåk til samfunnshuset i Soknedal, nokre mil lenger nord, men vi er mange som har lært å leva med denne endringa.

Du lurer kanskje på kva som skil påskebridge frå annan bridge. Vel, det er jo fyrst og fremst våren. Stikk i strid med utbreidde fordommar, er ikkje bridgespelarar immune mot sol og hygge. Påskebridgen er gjerne den fyrste tevlinga sidan sumarbridgen året før, der det igjen kan vera idyllisk å stå ute i pausane og røykje eller snakke med røykjarane.

Så skal det innrømmast at desse pausane òg rommar ein annan tradisjon. Før i tida var det lov å ta ein øl i ei sosial tevling som påskebridgen. No er alt alkoholinntak forbode, men milde tevlingsleiarar kan til ein viss grad sjå gjennom fingrane med drikking utanfor spelelokalet. Det er altså ikkje uvanleg å ha ein liten øl eller pjolter gøymd bort på utsida ein stad – «i busken», som det heiter, sjølv om buskane sjeldan blømer i Soknedal i april.

Eg er sjølv ein ihuga forsvarar av denne påsketradisjonen, men diverre har makkeren min i dei seinaste påskecupane vore fæl til å fintenkje, noko som har ein lei tendens til å desimere pausane. I år opna eg ein bayer i fyrste pause etter tevlingsstart klokka fem og gøymde han bak ein benk. I lunsjpausen i nitida var han enno halvfull. Då bridgen var ferdig litt over midnatt, hadde ølet frose til is.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement