Frå innsida

På livsens veg

Då eg søkte etter eit bilde av ein hund i bildemappene mine, fekk eg opp to elefantar, ein elg, ei geit, ei leopardstatuegreie, tre kattar, ei brun ku og ein sovande unge på eit Elkjøp-servicesenter. Det er vel som somme seier: Same, same, but different.
Publisert Sist oppdatert

Her ein morgon kom eg over ein laushund. Ein slags puddel, svart. Han gjekk i grøfta langs gangvegen og snuste på all slags skit. Han verka stressa, nesten manisk. Han gjekk same veg som meg, ned mot sjøen og ferjekaia.

– Går du her aleine? sa eg.

Hunden kasta eit kort blikk på meg, løfta eit bakbein, pissa litt og virra vidare. Mellom beina var det noko som hang og slong. Enten var det testiklane, eller så var det donglebær. Eg ser dårleg, men såg at den eine foten var bandasjert.

– Går det bra med deg? sa eg.

Hunden skalv. Han pissa nokre dropar til. 

Eg såg meg rundt etter ein eigar som stod og sikla over ein skjerm og ikkje hang med, men nei, alle eg såg, skulle rekke båten og bussen og jobben og såg ut deretter: lunefulle. Mange flaug som ein vind forbi på sykkel; minst éi hadde kjempestramt kjøpenebb.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement