Frå innsida

Oppdatering av dei unge

Publisert

Det er mykje vaksne veit som dei unge i dag ikkje anar kva er. For ei tid sidan køyrde eg saman med dotter mi forbi den gamle flyplassen på Fornebu. Eg fortalde ho om korleis me i TV 2 sin barndom konkurrerte om kven som kunne bruka kortast tid frå kontoret i Karl Johans gate og likevel rekka flyet til Bergen. Eg meiner rekorden låg på om lag 20 minutt.

Me hoppa ut av drosja, sprang til utgangen, leverte ein papirbillett og gjekk om bord.

– Men sikkerheitskontrollen då, spurde dotter mi.

– Det var ingen sikkerheitskontroll, svarte eg.

Ho såg måpande på meg.

– Ingen sikkerheitskontroll?? Kva var det då i staden?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement