Frå innsida
Om møljer og menn
Slik kan ein gauk i ein moshpit sjå ut. Som dei song, Dollie de Luxe: «Lenge leve livet, vi vet aldri hvor vi ender. Lenge leve håpet, vi står sammen samme hva som hender.»
Kva skal ein gjere, der ein sklir rundt i lauvet og grublar på dette med oljefondet og rasar over at matbutikken med eitt er full av fiken og marsipan?
Det spørst kva trøyst du liker. Julebord er visst i vinden.
Sjølv tyr eg til konsertar, helst harde og mørke. Som ein venn av ein eg vilt nok er gift med, sa her ein dag, då han ergra seg over at kona ville «kose seg heime» i staden for å bli med på konsert: – Tenk å velje å sitte i sofaen og bli så hjernedød at du ser på Maskorama, når du kan stå framfor ei scene og bli så elektrisk at du berre glir inn i moshpiten.
– Du har vore i moshpiten éin gong, sa eg.
Saka er at han – la oss kalle han Tom – er ein treging, litt gretten, som aldri har vore blant dei som spring i ring i ei mølje, dyttar og blir dytta, surfar på hender, held andre oppe og bli våt av øl og sveitte. Men sist helg, på ein punkrockkonsert, blei han dradd med av ein kjenning – vi kan kalle han Jim – som har herja i mølja sidan han fekk hår i krikane. No er han ei skalla kontorrotte i femtiåra. Og denne kvelden masa han fælt på Tom.
– Slutt å mase. Eg vil ikkje, sa Tom irritert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.