Innsida

Om julekrybber og nissar

Verdas minste julekrybber. No på ukjend stad.
Publisert Sist oppdatert

Dessverre blei denne jula eit stykke på veg øydelagd av at noko viktig mangla. Eg var ikkje kar om å finne ei einaste av dei talrike julekrybbene og nissane mine (bortsett frå eit par apokryfe). Dei skulle etter planen finnast i ein av dei to julepyntkoffertane på loftet, men nei! Det var ikkje spor etter dei. Heller ikkje nokon annan stad på loftet. Eller nokon annan stad i det heile. Det finst sikkert dei som klarer seg utan både julekrybber og nissar i jula, men eg høyrer ikkje til dei. Eg kan godt klare meg utan både julesnø og dombjøller, men altså dårleg utan dei før nemnde ingrediensane.

Så eg tar dermed imot gode råd om kor julekrybber og nissar tar vegen når dei kjenner på at det kanskje ikkje er bruk for dei lenger. (Noko dei altså tar feil i.)

Whisky eller whiskey? Nei, det…

Eg har alltid hatt eit godt forhold til dei noverande korrekturlesarane i Dag og Tid. Dei legg seg lite opp i rettskrivinga mi, truleg fordi eg stort sett skriv ganske rett. Men – på mi førre Innside gjekk det reint gale! Eg refererte der til eit kjent irsk brennevin, og kalla det «Irsk whiskey», som rett er, men korrekturlesaren hadde endra det til «irsk whisky», som feil er.

Den irske varianten (og den amerikanske) skriv altså brennevinet med -ey, mens den skotske (og kanadiske) varianten blir skriven berre med -y. Godt å få sagt det. For de aner ikkje kor mange spottande og latterleggjerande e-postar eg har fått, som handla om at Innsidemannen veit ikkje eingong korleis ein skriv namnet på den kjende irske rusdrykken! Hahaha!

Det vekte vonde minne om ein gong midt på 90-talet då noko tilsvarande skjedde. I ein roman nemnde eg songaren Marianne Faithfull, der språkvaskaren hadde endra namnet til Faithful, og boka gjekk i trykken utan at eg var klar over denne groteske endringa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement