Kunngjeringar

Nytt radarpar?

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Bernt har høyrt fleire rykte om den nye dama til Konrad, sjølvsagt, skulle berre mangle. Men det stemmer ikkje at ho er gravid. Det var skuffande.

Ikkje er ho herifrå heller, det skal godt gjerast at ei dame frå byen vil trivast på denne gudsforlatne staden. Ingen veit sikkert om ho har flytta inn eller berre er på besøk.

Det er vanskeleg å sjå føre seg at Konrad skal ha sjarmert nokon i senk, mest sannsynleg har han blitt lurt trill rundt og må flytte inn til henne snart. Byrje på ’an igjen, i eit nytt hus med framandt kjøken der ingenting er slik han er van med, ting ligg ikkje der dei skal. Han kjem til å dra ut feil skuffer i lange tider og leite rundt før han lærer seg systemet. Kanskje svevar han på ei sky, så det gjer ingenting at ho ler bak ryggen hans.

Det spørst om han ikkje angrar etter ei stund. Når han ikkje får til å knyte seg til alt det nye og gløyme det som var, gløyme Astrid. Ho som var alt. Konrad og Astrid såg ut til å ha det så fint saman, eit radarpar. Så lenge folk kan hugse, har det vore dei to. Det var vel eit eller anna for nokre år sidan, men det ordna seg. Kva har hendt, og korleis skal det gå med Astrid no? Bernt har ikkje sett ho på lenge. Kanskje Konrad har gjort dumme ting, noko utilgiveleg. Menn gjer gjerne det.

Den gongen dei blei saman, var det ingen som forstod kva i all verda ho såg i den slasken. No er det ingen som kan forstå at dei har skilt lag.

Bernt meiner å ha høyrt at dei enno eig ei leilegheit i Spania saman, i tillegg til huset og hytta. Skal Astrid behalde noko av dette, tru, eller blir det selt? Han kan vel ikkje sitje med alt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement