Frå innsida

Norske matskattar nr. 98: betasuppe

Publisert Sist oppdatert

Innsida si matspalte nærmar seg toppen: 100 norske matskattar. Heilt utan tilskot frå styresmaktene har Innsida teke for seg typiske norske matskattar, som eit heilt sjølvstendig og upartisk organ. Me skil ikkje mellom skattane, men lyfter dei fram på løpande band.

Det er ikkje rart at lista har kome til betasuppa når me no nærmar oss ei fullendt liste på 100.

Betasuppa er rotnorsk. Ho har naturlegvis lokale variasjonar, men finst over heile landet. Det er ulike oppskrifter, men mange held seg til ei god kraft kokt på svineknoke.

Oppi suppa er det grønsaker som kålrot, gulrot, potet, purre, løk, ulike rotfrukter, byggryn, fårekjøt, svinekjøt, kjøtbollar eller pølser.

Det er betar det handlar om. Ulike gode betar du har liggande, som du hiv i ei god kraft.

I mange samanhengar har betasuppe òg vore ein metafor for blanding av ulike gode saker; musikalsk betasuppe.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement