Frå innsida

Norske matskattar nr. 93: klippfiskbollar

Publisert Sist oppdatert

Idet me nærmar oss matskatt nummer 100, tek matspalta ein sving innom ein rett som eigentleg ikkje er norsk, men portugisisk: klippfiskbollar eller bolinhos.

Sidan denne retten ikkje lèt seg laga utan norsk klippfisk, er han likevel verdig som ein norsk matskatt. Det er uansett ein rett som er umåteleg populær i alle land som er glade i norsk klippfisk: Portugal, Spania og Brasil.

Retten i seg sjølv er enkel. Enkel og veldig god.

Alt du treng, er godt utvatna klippfisk og potetstappe. Dette blandar du saman til ein deig. Så formar du små runde bollar. Vil du ha litt meir fart i klippfiskbollane, kan du gjerne spe på med både chili, kvitlauk og urter, som til dømes persille eller koriander.

Du kan ha eit egg eller to i deigen for å binda det heile betre saman.

Men det er ikkje naudsynt.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel