Frå innsida

Norske matskattar nr. 100: østers

Publisert Sist oppdatert

Då er Innsida sin jobb for matskattar i mål for denne gong. Me ser sjølvsagt ikkje bort frå at matskattspalta kjem til å dukka opp att, men når me no rundar hundre, er det på tide at staten oppdagar ho, slik at ein kan få denne spalta inn på statsbudsjettet.

Når redaksjonen legg ned pennen for denne gong, er det østersen me lyftar fram heilt til slutt. Det er kjent at ikkje alle likar denne skapningen frå havet vårt, men for dei som likar han, er det ein heilt soleklår matskatt. Den norske østersen har ingenting å skamma seg over. Han er attpåtil under kraftig press frå invaderande østersar frå sørlegare strok. Det er den såkalla stillehavsøstersen, som rett nok smakar godt, men som ikkje kan måla seg med vår eigen. Det er ei delikatesse som er ei svært ettertrakta handelsvare. Før i tida vart det eksportert store mengder østers frå Noreg. Så mykje at han etter kvart vart sjeldan.

Vår art, flatøstersen, er atter ein gong rekna som livskraftig.

Østersen er ein del av muslingfamilien og lever den fyrste tida som ei flytande larve, før han tek ei viktig avgjerd om å setta seg fast på botnen. Østersen lever av å filtrera sjøvatn og ta til seg mikroorganismar. Underdelen av skalet sit fast på botnen, og overdelen lyfter seg opp og ned.

Østersen er både hermafroditt og særkjønna. Hjå oss var østerskultur ei gamal verksemd, som vart gløymd lenge, men dukka opp att på slutten av 1800-talet. I rolege små viker der vatnet vert noko varmare, vil østersen trivast godt og formeira seg.

Den norske, ekte flatøstersen er ei delikatesse som trygt kan måla seg med dei andre hundre artane av østers som finst i verda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement