Frå innsida

Niaugeperspektiv

USAs helseminister Robert F. Kennedy junior siklar over eit par niauge på eit oppdrettsanlegg i Idaho i USA i 2025. Vi får tru han hugsar korleis det gjekk med kong Henrik 1. i 1135.
Publisert Sist oppdatert

Korfor får ikkje vi lønnsauke, når Elon Musk får det? Fordi vi er kommunistar.

Same kva lønner det seg ikkje å vere grådig. Hugs kva som hende med Henrik 1. for ganske nøyaktig 810 år sidan: Han var for glad i niauge, altså ein steingammal åleliknande fisk med eitt auge, ein nase, sju gjelleopningar på kvar side og ein sugekoppforma munn full av tenner. Han bit seg fast og syg blod av andre fiskar.

Og nam, dette var ein delikatesse for overklassa. Henrik 1. kunne ikkje få nok der han sat i eit flott slott i Normandie. Mens andre nøgde seg med ein liten porsjon, sidan niauget er ein feit fisk som attpåtil blei servert i ein feit saus, åt kongen eit kilo.

Ifølge krønikeskrivaren Orderic Vitalis åtvara legen kongen: «Mykje niauge er ikkje bra for tarmtottane.» Men nei, Henrik ville ha meir, meir, meir, og det gjekk som det måtte gå: Han fekk kjempevondt i magen, og så døydde han.

Då eg ringde Musk og fortalde han denne anekdoten, sa han:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement