Tre favorittar
Motorsyklar
1. BMW R 100: Ein motorsykkel skal ikkje ha fleire enn to sylindrar, han må dessutan lagast i Europa. Tyske BMW laga R 100-syklar frå 1976 til 1996. Min første tunge motorsykkel var ein 1978-modell. Dei to luftkjølte sylindrane i den såkalla boksarmotoren stikk rett ut til kvar si side, på tvers av fartsretninga. Det verkar naturstridig, men dei tyske ingeniørane har fått det godt til.
2. Moto Guzzi V7: Ein smått mytisk sykkel frå fabrikken i Mandello del Lario i Nord-Italia. Dei første V7-syklane kom i 1967. Dei vart jamvel brukte av politiet i fleire statar i USA, der dei konkurrerte ut amerikanske syklar. Dei to luftkjølte sylindrane står i ein 90 graders vinkel. Eg hadde ein V7 Spesial i nokre år. Kjensla av å dundra av garde på ein slik over tørr asfalt ein varm sommardag, slepp aldri taket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.