Mat

Meir smak

Suppa eg trudde eg var god på. No har eg lært korleis ein gjer ho fantastisk.
Publisert Sist oppdatert

Eg har lenge vore ein svoren fan av kokken Eyvind Hellstrøm. Mossingen som voks opp i farens iskremfabrikk og seinare, som ung mann, reiste rundt og banka på dører hos alskens franske restaurantar og lova dei gratis arbeidskraft mot at dei lærte han løyndomane i det intrikate franske kjøkenet.

Eg hugsar òg ein gong eg og sambuaren flotta oss med middag på restauranten hans, Bagatelle i Bygdøy allé, som låg eit lite knivkast frå der eg bur no. Godt var det, og fint var det, men vi blei jo ikkje mette, trass i at vi hadde punga ut 2200 kroner for herlegdomen, ein uhøyrd sum for oss den gongen på nittitalet, men skal det vere, så skal det vere.

Så vi gjekk like godt og skjenkte oss ein bunke halvliterar på den legendariske og no diverre nedlagde Burns Pub – byens trongaste lokale som jamvel serverte operamusikk. Men vi trudde jo det skulle vere slik.

Såkalla fine dining fordrar nemleg ofte at du helst et deg mett før du går heimafrå, i alle fall var det slik på nittitalet, og tallause var vitsane om dei minimale rettane som kom ut frå kjøkenet i slike restaurantar. «Neste rett er ein liten bit svartgrilla purre», og liknande.

Seinare slo ein ven av meg, reklamemannen Børre Werner, frampå til Hellstrøm om at han burde forfatte kokebok. For pengar tente ikkje Hellstrøm den gongen. Og for å seie det på rette språket: Voilà! Der rann pengane inn.

Ein god del av bøkene hans står stolt oppmarsjerte i hylla mi, eg venta berre til dei kom på tilbod til 199 kroner, men eg skal innrømme at eg sjeldan konsulterer dei for middagsidéar. Det er liksom litt for feiande flott, og ein må kunne ein del elementære franske teknikkar for å gjennomføre dei. Så bøkene står der som dei kulturberarane dei er, som lysande døme på kor langt ein kan nå i det kulinariske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement