Innsida
Meir frå Donald-fronten
På mi førre Innside etterlyste eg teksten til den kjende barnetimesongen om Donald Duck, av Kjell Lund, og det viste seg å bere frukter!
Responsen var god, og heidersmannen Knut Hegna kunne sende meg den komplette teksten, utan å krevje noko for det, og den hadde han funne på Bokhylla.no. Teksten begynner slik:
«Jeg har vært på kino og sett på ‘n Donald Duck,
at du ikke ble med og så på ‘n Donald Duck,
for vet du kva han gjorde?»
Og spørsmålet mitt var nettopp: Kva gjorde Donald? Jo, no skal de høyre:
«Han traff en mann
som hadde et spann
med iskaldt vann
og ‘n Donald han
tok spannet fra’n
og sa at han
var brannmannand
som var på land
og tømte vannet
som var i spannet i hue på ‘n…
At du ikke så ‘n! – Gakk gakk gakk-
det er helt sant,
for ‘n Donald han er en skøyerfant.»
Det får halde med det første av tre vers her, bør ikkje bruke opp heile Innsida på ein Donald-song heller. Kan berre nemne at i andre verset kliner Donald seg inn med kakedeig, og i det tredje sit han på ei sky og blir påkøyrd av eit fly. Dei som vil lære seg heile, kan då berre gå inn på Bokhylla.no og finne teksten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.