Lita skrift
Måkeheisen
Det finst millionar av dei berre i Noreg: måker.
Foto: Marita Liabø
Korleis lokke med seg måker frå øvste etasje ned til bakkeplan og ut av blokka?
Denne hjernetrimmen møtte meg ein sundagsmorgon.
Dei tre gråmåkene stod attmed døra til naboen i motsett ende av etasjen. To vaksne, ein skårunge – og skit nesten heilt opp til handtaket. Eg reagerte med nyfikne. Korleis kom dei inn hit? Hadde dei vore her lenge? Kven hadde skite mest?
Omsider kom eg til meg sjølv: Korleis hjelpe dei ut?
Første forsøk på redningsaksjon blei å nytte lokkemat. Valet fall på eit bananskal frå matavfallet. Det vekte minimal interesse. Eg var nær å ringje Naïd Mubalegh, kollegaen med spalta «Fugleperspektiv», men landa på å prøve vidare.
Andre forsøk blei forsiktig jaging ned trappeoppgangen. Jammen fekk eg måkene ned frå fjerde til tredje etasje. Det skal eg ha. Men oppgangen vår er uvanleg vid og brei. Då eg sjølv kom ned til tredje, flaug dei berre opp att til fjerde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.