Kunngjeringar

Lys og varme

Frank Tønnesen

Eg drøymde at Åge Aleksandersen stod utanfor huset vårt. Det var tilfeldig at eg oppdaga han då eg skulle ut med søpla. Åge gjekk i dei same kleda som på Spellemannprisen i 1983, den burgunder raude dressen, det svarte skinnslipset, dongeribuksa og dei legendariske brillene med raudleg innfatning.

Den kvelden fekk det norske folket høyra songen «Lys og varme» for fyrste gong. Dei heldige i salen sat roleg på plassane sine og lytta. Åge spelte kassegitar og hadde resten av Sambandet til høgre for seg. I tillegg eit heilt orkester og kor.

Eg sa til Åge at han måtte vera med inn og ikkje stå der og frysa, det er berre eg og kona som er heime. Han såg kald ut, og det var ikkje akkurat sommar i denne merkelege draumen.

Me sat lenge i stova og snakka om avskjedsturneen han og Sambandet nett hadde lagt bak seg. Eg fortalde at Ramp var den fyrste kassetten eg kjøpte. Mor og eg drog til eit handlesenter som etter den tids målestokk var gigantisk. Den einaste butikken som interesserte meg, var den som selde LP-plater og kassettar, eg visste kva eg ville ha, og mor betalte. Ho ante nok ikkje at det var trønderrock, altså ein heilt spesiell type rock.

Eg skrytte av «Lys og varme» og sa at teksten hadde betydd mykje for meg – sjølv om eg i starten trudde han song: «Å føglan som e fri, dæm ska vi svi …» Som om det var fuglane si skuld at det skulle bli «mange tåra, tunge stunde». Åge smilte, og me var einige om at det ikkje alltid er så lett med songar på dialekt. Etter kvart gjekk det opp for meg at fuglane skulle visa vegen. Korleis kunne eg vera så dum, sjølvsagt skulle dei det.

Kona og eg lova Åge at me kunne halda på ein løyndom. Han hadde godt nytt: Avskjedskonsertane var ikkje slutten likevel. Før folk får summa seg, skal han halda nokre få solokonsertar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement