Kunngjeringar
Livet til ein kyllingfilet
Teikning: May Linn Clement
Etter å ha blitt klekt ut i ein maskin er det berre å håpa at kroppen ikkje er så svak eller deformert at du blir sortert bort med ein gong. Unngår du det, fortset reisa i ei transportkasse som blir frakta vidare til ein diger hall, kanskje utan eit einaste vindauge, berre kunstig lys. Der må du vera saman med tusenvis av andre kyllingar resten av livet.
Heldigvis går det fort, 30 dagar er kanskje alt du treng å halda ut på denne jorda – eller i hallen, er det rettare å seia, der du dag og natt må gå og trø i di eiga og andre si avføring. Du får aldri komma ut i dagslys og springa fritt rundt, eller dilta etter mor di og læra ting gjennom leik.
Men fôringsautomatane i hallen går aldri tomme for mat, kroppen kjem til å veksa så fort at det ikkje er sikkert skjelettet heng med. Snart blir det trongt om plassen, og det finst ingen stader å gøyma seg. Sjølv om du nett har komme til verda, er det lite å sjå fram til. Etter kvart som du veks, kan det bli vanskelegare å røra seg. Dei svake beina toler ikkje så mykje heller, så det har inga hensikt å leggja til rette for vagling. Det ville kosta ein formue å setja opp pinnar til tusenvis av kyllingar som snart skal slaktast likevel – får vera måte på luksus.
Dei kallar deg eit produkt, eller ei råvare. Du er berre eit svar på ein etterspurnad og designa for å gje oss mykje og billig kjøt raskt, slik at folk kan kosa seg med kylling akkurat når dei vil, og eta seg gode og mette.
Enkelte meiner at fødselen til den moderne slaktekyllingen var i Amerika rett etter andre verdskrigen. Det skulle ikkje forundra meg. Sjølv byrjar eg å bli overtydd om at det er Satan sjølv som står bak.
Då eldste guten gjekk i gardsbarnehage, fekk han ein sommar låna med seg heim to kyllingar som budde hos oss nokre veker i ferien. Ein var kvit og den andre gul – mest som ein påskekylling. Om natta sov dei i eit flyttebur som stod i garasjen. Men om dagen sprang kyllingane rundt og utforska heile tomta vår. Det hende naboane òg fekk besøk, men det gjekk heilt fint.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.