Lita skrift
Landnåm
«Eg føreslår eit nytt, kommunalt noregsvelde som strekker seg over store delar av Europa.»
Karlsøy i Troms i 1996.
Foto: Helge Hansen / NTB
Sånn er det blitt: Vår næraste allierte flørtar ope med å raske til seg delar av nabolandet vårt, den liberale verdsordninga ligg på sotteseng – og Høgre vil ha ny kommunereform. Fylkeskommunen skal vekk, og dei 357 kommunane i landet skal bli færre.
Det er ei defensiv haldning. Robuste einingar, som det stadig heiter i Høgres hus, blir ikkje til av seg sjølve. Det er klassisk norsk snillisme å berre endre kommunekartet med utgangspunkt i eigne grenser. Utrygge tider krev offensiv politikk: Kan Trump ta makta i Venezuela, kan vi gjere det same i vår eigen bakgard, Europa. Veike er vi trass alt ikkje.
Derfor føreslår eg eit nytt, kommunalt noregsvelde som strekker seg over store delar av Europa. Nett som vikingane henta inn kapital, arbeidskraft og kompetanse frå kloster langs Nordsjøen for 1200 år sidan, kan vi styrke kommunekartet ved å sende norske rådmenn ut i Europa på tokt. Her er fire framlegg:
I Bærum finn du dei rikaste innbyggarane i landet. Dei har mykje skatt å snyte. Det kan dei få om dei slår seg saman med skatteparadiset Luxemburg. Til gjengjeld får det gamle storhertugdømet eit nytt fyrstehus i form av Märtha Louise og ein sjaman busett på Stabekk.
Førde, som to gongar er blitt kåra til den styggaste byen i Noreg, slår vi saman med Murmansk som eit byforskjønningstiltak. Stange har på si side storgardar, eit eige inseminasjonsmuseum og milevis med utmark – men ingen fjell. Nye «synergiar», som det heitar i ein velbrukt kommunal klisjé, får vi ved å invadere Liechtenstein.
I Noregs minst kristne kommune – Karlsøy i Troms – kan gjennomsnittleg kyrkjebesøk auke monaleg om øybuarane slår seg saman med Vatikanstaten. 130 sveitsergardistar vil dessutan bidra til å snu folketalsnedgangen i kommunen og vere eit verdifullt tilskot til totalforsvaret om russarane kjem.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.