Frå innsida

Kva skal me leva av etter olja? 

1: Dronar

Publisert Sist oppdatert

I ein serie som har vore litt til og frå her på Innsida, har redaksjonen freista å lyfta fram kva me skal leva av i landet vårt etter olja. Det er sjølvsagt litt av kvart, og me vonar at denne spalta no endeleg skal koma godt i gang.

I Sykkylven på Sunnmøre er dei desidert mest kjende for at om lag 70 prosent av alle møblar i Noreg kom herifrå. Sunnmøringane hadde ikkje andre føresetnader for å laga møblar enn pågangsmot og ein nase for forretningar. Mange smarte folk avla dei fram, og nokre av dei smartaste er no i full sving med å verta verdsleiande på dronar.

Ikkje slike små som tenåringar leikar med, men store dronar som kan lyfta opptil 60 kilo, leita etter folk som har gått seg vill, eller frakta kritiske komponentar i vêr og føre som helikopter må gje opp i for ikkje å setja liv i fare. Verksemda Griff har fått folk frå heile verda til å flytta til den trivelege bygda for å jobba med framtida innan luftfart.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement