Frå innsida
Kjønn og kultur
«Kva ER det med såkalla «gender reveals» som gjer at eg ikkje klarar å sjå bort, eller slå av?»
JENTE ELLER GUT? Det er spørsmålet eg stadig får svar på.
Foto: Robert Schlesinger / NTB
2026 blir året då me er mindre på sosiale medium, seier dei som kan sjå inn i krystallkula.
Eg håpar 2026 blir året då eg klarar å slutte å sjå på videoar av par som finn ut kva kjønn babyen deira har.
No begynner det nemleg å haste.
Kva ER det med såkalla «gender reveals» som gjer at eg ikkje klarar å sjå bort, eller slå av?
Algoritmane mine går ananas kvar gong eg berre må sjå litt til for å få svar på om mora til tre gutar endeleg får den vesle jenta ho ønsker seg, eventuelt om det klikkar for henne når ho får vite at ho skal få ein fjerde rabagast.
Ho vil ha meir! ropar algoritmesentralen. Send henne fleire videoar der foreldra får beskjed om kjønn i ei rosa eller blå kake! Gi henne rosa og blå røyk sleppt ut frå fly! Rosa og blått fyrverkeri!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.