Innsida
Julekommersialismen og vennene hans
(Utdrag frå ein gammal tekst, funnen bortgøymd på eit loft, halvvegs oppeten av rotter.)
Berre få år etter at Jesus ikkje lenger var iblant oss, kom dei første reaksjonane på kommersialismen og kremmarånda som omgav julefeiringa og gav den eit dårleg rykte. Apostelen Paulus skriv, som vi veit, i første brevet til Korintarane: «Eg åtvarar dykk, de korintarar. De brukar for mykje pengar på julegåver, pengar som kunne vore brukte til nyttigare føremål, eg nemner i fleng eldreomsorg! Til straff skal ordet ’korintar’ ein gong i framtida bli brukt om ein sentral ingrediens i julebakst. Og om dette ikkje får dykk til å ta skeia i ei anna hand, så veit ikkje eg!»
Ja, jula har frå tidenes morgon, frå den tida då kontinenta voks fram, vore ei tvers igjennom kommersiell greie. Og stundom plagar det meg at eg har vore ein aktiv deltakar i dette kommersielle sirkuset ved å opptre som julenisse og dele ut dyre gåver til ungar som får så mange gåver at dei knapt gidd å pakke dei opp.
Nyleg las eg i ein norsk samtidsroman at i Austerrike har dei ikkje julenisse. Austerrike har fostra kjende folk som Wolfgang Amadeus Mozart, Sigmund Freud, Adolf Hitler og Gregor Schlierenzauer, så det er absolutt eit land ein må rekne med. Og i Austerrike er det Jesusbarnet som kjem med julegåver til ungane. Noko som sjølvsagt verkar mykje rettare, då det trass alt er Jesusbarnet og ikkje julenissen som er julas hovudperson. (Kvifor har ikkje human-etikarane skaffa seg sitt eige, verdslege Jesusbarn? Her kan dei ikkje ha følgt med i timen. Eg kan anbefale ein pakketur til Austerrike, så kan dei komme sterkare att neste jul.)
Så tenk deg situasjonen: Det ringer på døra, og der står Jesusbarnet ute i snødrevet med ein stor sekk over ryggen og ei lita krybbe med reinsdyr spent føre. I sekken ligg det diverse dataspel, iPadar og slalåmutstyr. Og Jesusbarnet seier ikkje «Hoho!» med buldrande nisserøyst, men spør med tynn stemme om det tilfeldigvis finst nokre snille barn i huset. Noko det ofte gjer.
Kva gjorde Donald?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.