Innsida

Julaftan 1972

Publisert Sist oppdatert

Julaftan 1972

«Ei flaske 60 og eit stearinlys. No sit han i godstolen og ventar på at Sølvguttene skal stemme i.»

Nytt år igjen?

Dei seier at vi er inne i eit nytt år, og det kjennest nesten som eg er blitt eit år eldre sidan sist vi gjekk inn i eit nytt år. Det ser ganske svart ut når det gjeld verdssituasjonen, men heldigvis finst det også dette året lyspunkt. Eit av dei lysaste punkta, så vidt eg kan bedømme, er at Innsida feirar sitt velfortente 25-årsjubileum. (Her får redaktør Gjerdåker korrigere meg, dersom han meiner eg tar feil.) Og eg har vore med frå starten, så godt som kvar månad, med unntak av ein liten handfull gonger då eg måtte ha vikar. (Takk, Tiril Rem!) Det har vore oppturar og nedturar, mykje kjeft å få, men også ein del ros, i kategorien: «Kor tar han det ifrå?» (Kor eg tar det ifrå, kan eg sjølvsagt ikkje røpe, då eg i så fall ville bli nøydd til å skyte meg. Noko få ville vere tente med.)

Det vil sjølvsagt bli ein heidundrande fest i Bladstova litt utpå hausten. Saltstengene har eg alt bestilt, og drikke må nok festdeltakarane ta med sjølve.

Det vil også bli talar, og god, solid og berekraftig underhaldning av både lokale og ulokale krefter. Dans veit eg ikkje heilt, då det lett kan føre til andre ting. Men eg ønskjer med dette velkommen til jubileumsfest, ein gong til hausten, når lauvet har begynt å falle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement