Kunngjeringar

Ikkje heilt utseld

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Bookingansvarleg Jostein hadde god tru. Med Siv Lammenes som spelte gitar i bandet Marg og Bein på scena i Den gale grisen pub, ville billettane fyka ut. Men folk lever travle liv og orkar ikkje å gå ut, i alle fall ikkje på konsert med nokon dei ikkje veit kven er.

I lokalavisa lovar Jostein god stemning og skryter av alt dei får til på puben. Utan å spørja om det er greitt, kallar han henne Siv «Marg og Bein» Lammenes i arrangementet på Facebook. Han finn eit bilde på nettet og legg ikkje merke til at det vert kutta slik at ein ikkje ser hovudet til Siv, berre gitaren og beina.

No kjem vel folk. Etter kvart viser det seg at konserten kolliderer med alt mogleg denne fredagen: fotballturnering i hallen, livemusikk på hotellet og eit eller anna foredrag i regi av historielaget på grendehuset. Skulle tru dei gjordest på.

Torsdag kveld sender Jostein ut e-post til alle kontaktane sine utan at det heller set fyr på billettsalet. Han sender til og med SMS til fleire.

Det stoppar likevel på seksten betalande. Nitten totalt, om ein reknar med dei to kameratane Jostein sleppte inn gratis. Nokon av dei som løyste billett, visste ikkje at det skulle vera konsert.

Dei få som har funne vegen, er alt godt påsegla når Siv tek til å spela, og dei har mange gode historier dei skal dela med kvarandre. Berre Jostein held kjeft. Han hysjar. Fyrst ut er «Lite snø». Ein klassisk Marg og Bein-song. Berre Siv og kassegitaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement