Telefonen ringer, ukjent nummer.
– Hallo?
– Ja, hei, det er T., eg ringer frå SMB Mobil og...
– Ikkje interessert.
Fleire gonger i veka ringer ulike mobiltelefonselskap for å få meg til å byte operatør, og eg er blitt driven til å avfeie dei. Straks eg har lagt på, lagrar eg nummeret under kontakten «Seljar». Der ligg no 112 nummer, og dei er blokkerte. Så spør folk meg: «Kvifor ikkje reservere deg mot telefonsal?» Jo takk, det har eg gjort. Problemet er at eg har eit enkeltmannsføretak, og det er selskapet dei ringer, ikkje meg, og det har dei faktisk lov til. Yes, eg har sjekka.
Eg kan vere temmeleg brysk i avvisingane, og det er eg lei meg for, men det er ikkje personleg. Det er systemet dei representerer, som eg er brysk mot. For nokre er revelure, som han som ringde og sa med gladrøyst: «Hei, eg ringer frå Hamar, gratulerer!» Telefonen frå Norsk Tipping har eg venta på i mange år, men han gratulerte ikkje med lottogevinst, men for at eg kunne få nytt straumabonnement. Eller han som ringde og sa: «Du må hjelpe Ali, han er heilt fortvila.» Det synte seg at Ali var fortvila fordi han ikkje hadde selt eit einaste abonnement den dagen. Er det rart eg er brysk?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.