Sport
Holmenkollstafetten
Kjell Magne Bondevik veit i alle fall kven han skal veksle med, kona Bjørg, i 1998.
Foto: Rune Petter Ness / NTB
Når du står der i vekslingssona, saman med hundrevis av andre i same ærend, er det lett å miste både mot og vett. Eg skal innrømme at eg tenkte litt på Jakob Ingebrigtsen der eg stod og prøvde å stenge verda ute. Vaktene er strenge – går du over streken, kan du få kjeft. Og det siste du vil, er å bli utvist og svikte laget ditt.
Så kjem han du skal veksle med i full fart, og før du veit ordet av det, er du ferdig. Med blodsmak i munnen på vekslingsplass er du klar for å feire – men det er ingen å klemme. Det er berre å senke armane og pelle seg til banketten. Først då kan du endeleg få dele dei ferske, opprivande løpserfaringane med laget.
Idrettsklubben Tjalve starta Holmenkollstafetten i 1923. Først for idrettslag, men alt året etter fann nokre postfunksjonærar ut at dei ville stille bedriftslag, då i same klasse som idrettsklubbane. I 1928 blir éin til fire klassar: A-klassen, junior, Old Boys og ein eigen klasse for fotballspelarar. Det var ikkje før Gerd von der Lippe og Ingrid Ellingsen sprang under mannlege pseudonym i 1972, at stafetten måtte tenke på å starte ein klasse for kvinner.
I dag finst uendeleg mange klassar, alle er med. Å blande toppidrett med mosjon er smart på mange måtar. Holmenkollstafetten er blitt verdas største.
Hundre år etter den første stafetten var Dag og Tid klar for å stille i bedriftsklassen. Eg tenkjer det kan vere interessant for lesarane å få eit innblikk i korleis det står til med den aerobe og anaerobe kondisjonen til avisa. 1802. plass av 4740 deltakande lag var plasseringa. Me måtte sjå oss slått av både Morgenbladet og Klassekampen – og til og med Nettavisen.
Til gjengjeld veit me kva forskinga seier om topping av lag og slikt: Det er stor fare for fråfall når det røyner på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.