Kunngjeringar

Heim ein tur i påska

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Det er fullt på parkeringsplassen utanfor butikken. Folk er heime ein tur i påska. Olav ser framande same kvar han snur seg. Eit og anna andlet er det noko kjent med, men han klarer ikkje koma på namn. Det er i alle fall ikkje folk som vanlegvis handlar her. Kanskje voks dei opp her i bygda, men var for fine på det til å bli verande, og så flytta dei til byen for å realisera seg sjølve. Det er lett å sjå at dei ikkje er kjende i hyllene, men fleire har haug i handlevogna, og det er ikkje eit einaste brød att til Olav.

Viss dei leitar etter påskemarsipan, er det berre å gje opp. Han kom i sal alt i slutten av februar, som vanleg, så det har vore tomt lenge. Det er likt kvart bidige år. Når påska endeleg kjem, er det ingenting att til vanlege folk som har sett fram til å kosa seg med påskekrim og marsipan.

Olav skulle hatt matpapir og brødposar, men kjem ikkje til i hylla, ein kraftig kar står og sperrar vegen. Viss du ikkje skal ha noko, er det berre å gå vidare. Olav veit akkurat korleis det blir dei neste dagane, det kjem til å vrimla av folk som går tur på sykkelstien, i sentrum og alle stader. Heile familiar som liksom demonstrerer at no går me tur og har ingenting anna å gjera.

Det er ein tradisjon å reisa heim i påska, kanskje sova i det gamle huset nokre netter, på ein hard madrass i ei altfor kort seng. Besøka foreldra om det enno er liv i dei. Sitja på kalde steinar og eta svidde pølser. Det gamle huset er fullt av møblar og ting frå ei tid då alle måtte hjelpa til, gjerne frå morgon til kveld. Det var ikkje noko anna å gjera, og påskemarsipanen var ikkje funnen opp. Kanskje laga dei knekk – påskeknekk?

Sjølv om det er påske, er det ikkje heilt vår. Nokon fyrer i ein omn det ikkje har vore eld i på lang tid. Det slår ut, og dei må opna eit par vindauge.

No kjenner Olav att den kraftige mannen, det er jo Ronny, han som gjekk i B-klassen. Dei hadde ekstra timar i tysk saman. «Eins, zwei, drei, hast du einen grossen hannkatt gesehen» pleidde han seia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement