Hugskot

Gud seier opp jobben

Publisert

Kjære alle saman. Eg har no vore dykkar Gud heilt sidan tidenes morgon, og eg tenkte difor at det kunne vere på tide med ein medarbeidarsamtale. Når spurte nokon meg om korleis eg trivst i jobben? Vel, la meg gjere det heilt klart for dykk her og no: Eg kjenner meg ikkje verdsett. Eg blir ikkje teken på alvor. Eg skapte Mennesket. Eg skapte Mann og Kvinne. 

Vi snakkar ikkje om hastverksarbeid her, viss nokon skulle tru det. La oss snakke om kvinna først: Er ho ikkje bra nok, kanskje? Er det noko gale med konstruksjonen? Er ikkje ho eit vedunderleg kunstverk? Jo, svarer de då – og så pakkar de ho inn i eit telt. I eit telt!

Kor respektlaus går det an å bli overfor ein opphavsmann? Kva kunstnar finn seg i at publikum pakkar inn kunstverka hans slik at ingen får oppleve dei? Trur de Gud skammar seg over sitt eige verk? Og på toppen av det heile gjer de dette brotsverket i mitt namn!

La oss så ta for oss mannen. La gå, kvinnekroppen er vakrare reint estetisk sett, men sånt er jo smak og behag. Mannen er eg då òg svært stolt av – han er eit meisterverk frå mi hand. 

Og kva gjer de? Skamferer han ved å kappe av han delar av kjønnsorganet! Det same skjer med millionar av småjenter, men då ikkje i mitt namn. Smågutane skamferer de altså ved å vise til meg. Kva er dette for noko gedigent tøv? De kallar dykk religiøse, men likevel er altså ikkje skaparverket mitt perfekt i dykkar auge? 

Kan de i det heile tatt sjå for dykk kva slags fornærming dette er? Korleis kan de innbille dykk at Gud ikkje veit korleis eit menneske skal framstå? Trur de eg produserer feilvare? I så fall, kva slags respekt er dette for ein de påstår at de tilber?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement