I påska vart heimstaden min ei krimscene. Vald og knivstikking, bortføringar og drap, korrupsjon og kokain, og litt intimitet i idrettshallen. Alt dette hende i Norheimsund.
Eg har nemleg lese den kritikarrosa krimboka Skogfruen av Sondre Bjørgum. Me kjem ikkje berre frå same bygd, men òg frå same byggjefelt. Sjølv om Sondre er seks år eldre enn meg, kan eg seia at eg tidleg såg teikn til at her er ein som likar spenning.
Det var vinter, og eg vart med far i bilen, ein Citroën CX 1984-modell, for å henta syskena mine som hadde vore på kveldskøyring i Furedalen på Kvamskogen, eit kvarter frå oss. Sondre, som eg meiner stod på telemark og ikkje på slalåm, skulle sitja på heim.
Han sette seg i midten baki, og gjorde det far min likar aller best: Han byrja å skryta av bilen. Kor stilig han var, kor god lyd han laga, kor behageleg dempinga var. Påpeika alt bilen hadde som andre bilar ikkje hadde.
– No skal du få vera med på noko, sa far og gliste då me køyrde nedover Tokagjelet.
Å nei, tenkte eg. Eg visste kva som venta. I familien vår var dette eit ritual.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.