Kunngjeringar
Fotballbanen del 3
Teikning: May Linn Clement
Dei som spelte oldboysfotball og måtte trekkja bort på parkeringsplassen då luftambulansen kom, kjem gåande tilbake mot fotballbanen. Luftambulansen flyg nordover med gamlekjøpmannen Rolf, og oldboystreninga held fram, men det er ikkje skikkeleg sprut i verken taklingar eller løp, så dei avsluttar tidlegare enn vanleg.
Sjølv om Olga bur like ved fotballbanen, får ho ikkje med seg dramatikken og kryp til køys klokka ti, slik ho plar gjera.
Morgonen etter står ho opp før alle andre, går ut i hagen og fyller opp med solsikkefrø i fuglemataren. Nede på fotballbanen landar ein flokk måker som har vore på vengjene ei stund. Mest gråmåker og fiskemåker. Olga håpar at det ein dag skal sitja ei polarmåke i flokken, ho skundar seg inn og finn kikkerten. Men det er ikkje den rette dagen i dag heller. Olga tel måkene og skriv opp tal og artar i ei bok. Seinare skal ho leggja alt inn på artsobservasjoner.no, ein stad på nettet der den som vil, kan vera med på å rapportera alt levande dei ser i naturen. Det er spennande å fylgja med på fuglane, det burde fleire gjort, sonen Fred òg, men han vil berre sjå fotball. Kvar gong A-laget har heimekamp, troppar han opp hos mor si.
Dei spelar fin fotball i år, og det er mange nye unge som har teke steget opp. Sjølvsagt manglar dei erfaring, men framtida ser lys ut.
Fred høyrer rykte om at det ikkje var gamlekjøpmannen luftambulansen henta likevel, berre ein som likna, eller ein som bur i same byggjefelt i alle fall, for det var der sjukebilen kom ifrå, sa dei, ned bakken mot fotballbanen på stive hjul. Men Rolf var vel i butikken? Nokon sa det var ei dame, eller ein mann som såg ut som ei dame.
– Luftambulansen? I dag? seier Olga når Fred ringjer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.