Kunngjeringar
Fotballbanen del 1
Teikning: May Linn Clement
Fred småspring ut på plenen og kikkar opp. Luftambulansen stryk forbi rett over tretoppane. Kan det vera derfor han høyrde sirener? Ambulansen flyg i retning sentrum og huset til Olga, mor til Fred, som ikkje får med seg at noko nærmar seg. Ho bur berre eit par steinkast frå fotballbanen, der luftambulansen pleier å landa.
Huset ser ut som det alltid har gjort. Dei bygde aldri på slik mange andre gjorde. Faren meinte det var stort nok. Truleg hadde han rett. Fred og litlesyster Bjørg har alltid vore gode vener, men kanskje delte dei rom unormalt lenge til å vera sysken. Ho flytta til Bergen, og han blei verande, no er det mange ledige rom fulle av gamle ting.
A-laget spelar i 5. divisjon, og i år kjempar dei heilt i toppen. Fred kjem på besøk når det er heimekamp, og slik ei god mor skal, skjemmer Olga han ut med middag, bakst og det eine med det andre.
Altanen fungerer perfekt som VIP-tribune. Der har han full oversikt over heile banen. Litt avhengig av kor spennande kampen er, vekslar Fred mellom å sitja i den brune campingstolen og å gå nervøst att og fram mens han held seg i rekkverket. Olga bryr seg ikkje om fotball, for ho er banen berre ein diger plen der folk spring rundt. Kva mål ballen hamnar i, og kor mange gonger, er det same for henne.
Når det er for dårleg vêr, sit Fred inne og fylgjer kampen frå stova, i ein lenestol han dreg bort til det store vindauget. Det blir ikkje akkurat det same, men det går. Sjølv om mora har ein tendens til å forstyrra og spør om slikt som ikkje har med fotball å gjera.
Om Olga ein sjeldan gong ikkje skulle vera heime, ryggar Fred berre ut av tunet og parkerer langs hekken, der fleire andre òg plar stå og smugkikka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.