Kunngjeringar
Fotballbanen (2)
Teikning: May Linn Clement
For mange år sidan forvilla ei ku seg ut på fotballbanen. Då bonden kom for å henta kua, byrja ho å springa heilt galen rundt på kryss og tvers. Magne Josef Myssa, som var sjølvutnemnd banemeister på den tida, gjekk heilt i svart då han oppdaga alle dei djupe hola etter kua og bonden som hadde jakta på kvarandre. Var det nokon som trudde at det var kjekt å stella banen når det skulle vera på denne måten? Var dette takka? Han stod utanfor hallen og skreik at no fekk nokon andre overta.
Alle visste at det var ein tom trugsel, det var berre Magne Josef som kunne gjera jobben, ifylgje han sjølv i alle fall. Dessutan var det ingen andre som slapp til. Dagen etter stengde han banen slik han hadde for vane å gjera.
Den gongen var Fred liten gut og spelte fotball sjølv. «Du er så god», fekk han høyra, men seinare har han skjønt at slikt seier folk tidt og ofte utan å meina så mykje med det. Middels god, det var det han var, ikkje noko meir. Samanlikna med dei som spelar på A-laget no, var Fred antakeleg ikkje brukande i nokon posisjon, og milevis unna fyrsteellevaren. I beste fall kunne han forsvart ein plass på benken heilt i starten av rogalandscupen og håpa på eit innhopp, og kanskje fått nokre minutt heilt på slutten, sjølvsagt altfor seint til å vera med og setja noko preg på kampen.
Fred slutta tidleg med fotball på grunn av misnøye med trenaren, og ei lang rekke nederlag. Det byrjar å bli lenge sidan, men det er slik han hugsar det. Eit lag som byter trenar, kan få eit løft, og alt kan snu. Ein kan byrja å vinna sjølv om ein berre har tapt. Ting skjer som ikkje kan forklarast. Det smittar, og heile tilværet blir lettare og lysare. Men dei bytte aldri trenar, han fekk berre halda på, og det var ikkje slik at nye trenarar stod i kø for å ta over heller, ein måtte vera glad til at nokon i det heile teke gadd å trena desse ungane.
Det blei ikkje betre av at banemeister Magne Josef Myssa blanda seg inn heile tida. Han stengde grasbanen for den minste ting, sa det var for blautt fordi det hadde regna, eller så skulle det regna. Banen trong kvile. Han kjefta på ungane og jaga dei bort til grusbanen. Gjekk heilt opp i andletet til somme og skulda dei for å øydeleggja grasmatta med lite gjennomtenkte sklitaklingar og krappe vendingar. Til slutt orka ikkje Fred meir.
Fleire andre som kunne blitt verkeleg gode, slutta òg. I staden byrja dei å gjera andre ting, eller ingenting. Somme slo seg saman med dei som berre sat utanfor gatekjøkkenet og venta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.