Frå innsida
Fødselsdagsfeiring, ein uting?
Eg hadde fødselsdag for nokre dagar sidan. Det var så som så med gåver, men rikeleg med helsingar frå fjern og nær. Eg er elles litt skeptisk til fødselsdagar. Dei indikerer at ein er blitt endå eit år eldre, noko som ikkje akkurat er ein behageleg tanke i min alder.
Dei aller fleste fødselsdagane mine har forsvunne i historias mørke skog, men 7-årsdagen har eg eit nokså klart minne om. Den har eg ganske sikkert skildra før, men i så fall har både eg sjølv og lesarane for lengst gløymt det. Eg hadde jo enno ikkje begynt på skulen (men det nærma seg med stormskritt og eg hadde for lengst lært meg å lese, skrive og rekne, slik at eg var godt førebudd) og levde stort sett Herrens glade dagar, i skog og mark og frukthagar.
Dagen (det var ein onsdag) sette inn med plutseleg sommarvarme (20 grader), og eg såg eg hadde fått ein fin liten seglbåt av foreldra mine. (Året før hadde eg fått min første sykkel.)
Og eg skulle ha bursdagsselskap! Det første av ikkje altfor mange slike. Mor mi skulle stille med brus og diverse kaker, og ho hadde kjøpt inn indianarhøvdingfjørpryd til alle gjestene. Eg forstod det då slik at vi skulle leike indianarar etter at vi hadde fylt oss opp med brus og kaker.
Og gjestene hadde eg sjølv invitert, på vegen heim frå søndagsskulen tre dagar før. Berre gutar, sjølvsagt, og berre dei som budde innan rimeleg gå- eller sykkelavstand. Mange nok. Men – mangla det ikkje ein? Kor blei det av han Jostein? Han hadde (fann vi ut) trudd at invitasjonen berre var ein spøk (så alt den gongen må eg altså hatt rykte for å vere ein spøkefugl). Det var ikkje anna råd, far min måtte kaste seg på sykkelen, og kom att ei stund etter, med Jostein på bagasjeberaren. (Han blei seinare ein svært habil høgdehoppar, med ein 6. plass i NM som beste resultat.)
Elles blei det, så vidt eg minnest, vellykka. Kakene og brusen fall i smak, og etterpå fór vi rundt ute i skogen, iført fjørpryd av papp, og hylte og skreik som ekte indianarar. Vi sakna vel berre nokre cowboyar vi kunne skalpere.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.