Frå innsida

Feil skal vere feil

Nyleg var det demonstrasjonar mot rot med namn. Her ser vi Yungblud og Steven Tyler synge ut. Joe Perry speler Ozzy Osbourne og nynnar: «I could be right, I could be wrong.»
Publisert

Dag og Tids eigen monstruasjonssyklus, innsidesyklusen, er hard. Plutseleg er han der, dagen då ein må fylle ei side med fjas, og ein blir ør. Då eg hadde monstruasjon i februar, kom eg i skade for å skrive nokre linjer om Aerosmith-songen «Walk this Way» av Steven Tyler. Og sidan ei ulykke aldri kjem aleine, skreiv eg «Rolling Stones», ikkje «Aerosmith».

Dette førte til ein storm av meldingar og demonstrasjonar.

Saka er at eg gjekk på trynet 14. mai 2024. (Dette er dokumentert på Innsida 14. juni 2024 under tittelen «Donald». «Oi, oi, oi, for ein Donald-kul», sa folk då dei snubla i meg der eg venta på ambulansen.) I møtet med asfalten blei eg lettare hjerneskadd. At eg skreiv Rolling Stones i staden for Aerosmith, er eit av hundre bevis. Eg fablar om Samantha Fox når eg meiner Pamela Anderson, eg skriv «Torino» i staden for «Milano», og alle som heiter Kristoffer, kallar eg Aleksander og omvendt. Her ein dag sa eg moussaka i staden for lasagne, og like etterpå begynte eg å steike arme riddarar då eg eigentleg skulle lage meg ein kopp te.

Og på jobb, der dei i månadsvis har bora og banka i veggen bak meg, noko som gjer at det sitrar og brenn i knollen, snakkar eg om PMS når eg meiner HMS, og så skriv eg «PST» når eg skal skrive «SSB» og «DNT» i staden for «BNP», og eg gløymer at det heiter hjerne; eg seier livmor.

Poenget er at eg er fullstendig klar over at Steven Tyler er vokalist i Rolling Stones.

Apropos søt musikk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement