Kunngjeringar

Feil sete del 4

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Toget har komme opp i normal fart og er på god veg mot Stavanger. Einar sit enno berrføtt. Dama ved sida av held opp mobilen og viser ein haug med bilete av ungen til sonen som bur på Snartemo. Hunden i buret har fått mat og vatn som han slafsar i seg. Den frekke ungen lagar irriterande lydar. Mannen i setet framfor Einar reiser seg opp. Det er som å vere kringsett av fiendar alle stader.

– Du kan godt ta på deg sokkane og skoa igjen, seier han.

Fleire andre har tenkt det same, men ikkje sagt noko.

Mannen skallar mest i taket. Einar tør ikkje anna enn å gjere som han seier.

– Sjå kor lik han er far sin, seier dama og viser Einar endå eit bilete.

Einar smiler, men no er det nok. Det er ikkje kjekt å vere i denne vogna. Han samlar saman bagasjen og går bortover midtgangen. Men i enden blir det stopp, døra opnar seg ikkje. Einar prøver å trykke sjølv om det ikkje er nokon knapp å trykke på, ho skal opne seg automatisk. Han tek eit par steg tilbake og så fram igjen, ruggar frå side til side og viftar med høgrearmen i lufta for å få sensoren til å reagere, ingenting skjer. Ei jente kjem frå andre sida, og døra opnar seg med ein gong. Ho må gå til sides og gjere seg smal når Einar pressar seg fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement