Humor

Feil sete, del 2

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Einar søv med hovudet bøygd bakover og halvopen munn. Spyttet som samlar seg i munnvika, renn vidare nedover kinnet og haka. Sakte, men sikkert nærmar toget seg Moi stasjon. Etter ei stund vaknar Einar av si eiga snorking og prøver å late som han verken har snorka eller sove.

Han strekkjer på beina og geispar, blir sitjande ei stund og stire inn i seteryggen framfor seg. Han sjekkar telefonen. Onkel Ronald har sendt eit par meldingar og lurer på om toget er i rute, Einar svarer ikkje.

På kvar stasjon kjem det på nye reisande, nesten ingen går av. Det varierer kor lang tid det tek før konduktøren dukkar opp, av og til lurar Einar på om han aldri skal komme. Men plutseleg er han der, i den flotte uniforma, med all slags ting hengande rundt livet, han sjekkar billettane til dei som har komme på. Lua er spesielt fin, synest Einar. Kanskje går det an å høyre om det er mogleg å få tak i ei gammal uniform som dei likevel skal kaste. Det får bli ein annan gong. Konduktøren smiler berre til Einar og går forbi, alt er i orden.

Det er mange timar igjen før toget er på Moi, der skal det komme på nokon som har bestilt setet Einar sit på. Får berre vente og sjå.

Folk går att og fram i midtgangen heile tida. Ein mann sit med eit bur på fanget og snakkar med ein liten hund som om det var eit menneske, hunden berre klynkar. Einar har ikkje hund, og skal aldri ha det heller. Han vil helst unngå det meste av det andre folk driv på med.

Han svarer på meldinga frå onkel Ronald, skriv berre «ja» for å ikkje invitere til noko veldig samtale på SMS. Onkel Ronald sender tommel opp tilbake. Så kjem det ei ny melding, og ei til etterpå den. Han skal vere på stasjonen i god tid før toget kjem, klar til å hente Einar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement