Kunngjeringar

Feil sete (5)

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Einar ser ut av vindauget mens toget passerer Bryne, han

gruar seg til å bli henta av onkel Ronald i Stavanger. Turen har vore lang, og det blir ei påkjenning å høyre på gnålet hans.

Kva fekk han eigentleg ut av seminaret i Oslo? Om ein ser bort frå påminninga om kor glad han er i alle der heime, var det ikkje mykje matnyttig denne gongen heller, og det hadde halde med to dagar, den siste dagen blei berre vas. Ein av føredragshaldarane avlyste, og det var fleire som gjekk tidleg for å rekke eit fly.

Einar valde toget, og no er han omsider på veg inn i vogn 1. Når døra lukkar seg bak han, er det som å komme til ei anna verd. Mest alle seta er opptekne, men folk oppfører seg annleis enn i vogn 3. Her skulle han vore heile tida. Alt verkar rolegare, folk snakkar med innestemme, og det er ikkje ein hund i bur å sjå nokon stad. Ingen ungar som spring rundt, og ingen venninner som sit og kaklar høgt.

Telefonen i lomma vibrerer og spelar ein melodi, Einar tek han fram og ser at det er onkel Ronald. Kanskje han ikkje kan hente på stasjonen likevel? Det er lov å håpe.

– Hallo, det er meg, Einar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement