Kunngjeringar
Feil sete (3)
Teikning: May Linn Clement
Toget køyrer med redusert fart. Det gjev inga meining. Stemma i høgtalaren seier at det er signalfeil. Etter kvart blir det for varmt å sitje med stillongs, Einar reiser seg og går på toalettet. Det er mest ikkje plass til ein mann der inne.
Fyrst lèt han vatnet, ståande. Golvet er fuktig, det kan vere piss eller kva som helst. Einar støttar seg i veggen og står med sokkane oppå skoa, balanserer på eitt bein om gongen, tek av buksa fyrst og hengjer ho over nakken. Så dreg han av seg stillongsen. Etterpå vaskar han nevane i verdas minste vask og tørkar dei med dopapir som smuldrar opp og klistrar seg til huda. Einar krøllar stillongsen saman, tek han under armen og går tilbake til plassen sin, som eigentleg ikkje er hans.
Dama som sat ved vindauget, har ikkje komme tilbake. Han nyttar sjansen til å vippe føtene ut or skoa og vrengje av seg sokkane. Det er herleg å vifte med tærne, dei treng å lufte seg av og til, og det luktar ingenting. Han bøyer seg litt fram og ned, det luktar ikkje vondt i alle fall.
Toget må køyre så seint at det kan stoppe om det plutseleg dukkar opp noko på skinnene. Lokføraren har berre seg sjølv å stole på. Kanskje er ein reparatør på veg for å fikse feilen, eller så har dei ikkje fått tak i nokon enno.
– Sjå, mamma, mannen har ikkje sokkar på, seier ein unge som sit på motsett side av midtgangen.
Mora hysjar på han og forklarer at enkelte liker å gå berrføtt. Ungen peikar på dei nakne tærne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.