Innsida
Er OL alt over, altså?
Som dei fleste andre sat eg klistra framfor TV-skjermen under alle øvingane i dei olympiske leikane i Italia, slik eg har hatt for vane under alle dei olympiske vinterleikane i mitt omflakkande og mangslungne liv. Eg var fornøgd med det meste (men vedgår at eg blei litt glad når ein og annan utlending tok ein medalje, og ikkje berre Johannes Høsflot Klæbo, her kan dei svenske langrennsjentene vere eit føredøme). Men det dukka opp ei ny øving, som eg kjende eg blei litt skeptisk til. Og eg skreiv følgjande, med kulepenn:
«Eg er litt skeptisk til den nye OL-øvinga ’Chardonée’. Som alle no veit, går den ut på at utøvarane først går opp ein ikkje veldig bratt bakke på ski, deretter tar dei av seg skia og puttar dei i ein ryggsekk, spring opp ei trapp der det ligg strødd ein del piggsvin, så drikk dei ei flaske Chardonnay, går deretter og pantar tomflaska, for så til slutt å ta på seg skia att, køyre litt sjanglande ned ein slak bakke og i mål. Legg merke til at eg ikkje spør: Kva blir det neste? Eg berre uttrykker litt sunn skepsis.»
Draumen om å bryte opp dører
Alle som har sett ein del krimseriar på TV, veit at det på eit eller anna tidspunkt blir nødvendig å bryte opp ei dør. Ofte bruker ein berre skuldra (her trengst det gjerne to til tre forsøk), men det hender at døra er såpass standhaftig at ein må bruke ein slags rambukk, eventuelt ein solid krakk. Døra må uansett gi seg til slutt. Og innanfor ligg det alltid eit lik, gjerne gjennombora av ein orientalsk papirkniv, og så må dei som har brote opp døra, finne ut om det dreier seg om mord eller sjølvmord. (Det er så godt som alltid mord, gjerne kamuflert som sjølvmord.)
Eg er nok ikkje åleine om å ha blitt prega av slike scenar. Så eg tenkte alt i ung alder at eg iallfall éin gong i livet må ha brote opp ei dør. Som tenkt, så gjort! Dette skjedde ein gong på 1960-talet, og døra vi snakkar om, var ei av inngangsdørene på prestegarden i Luster. Prestefamilien var nett kommen heim etter ein velfortent ferie på Austlandet (der dei snylta på velståande slektningar) og ville inn att i heimen, helst så raskt som råd. Og eg tenkte at eg skulle yte mitt. Så eg satsa på skuldermetoden (den høgre) og rende i veg. Og gjett om døra gav etter! Ho var meir velvillig enn noka dør eg hadde sett i britiske krimseriar.
No ville ein kanskje ha trudd at det låg eit ille tilreidd lik i gangen innanfor, kanskje liket av ein tidlegare sokneprest eller klokkar, men nei. Det var ingenting der, bortsett frå eit golvteppe, ei trapp og vanleg husstøv. Pluss nokre fotografi av tidlegare prestar. Ingen detektiv ville ha funne spor etter noko som helst. Dermed skal eg ikkje ha sagt at heile operasjonen var bortkasta. Eg fekk bevist at eg var mann for å sprenge dører (og fekk grundig kjeft av far min, sjølvsagt) og var i mange år kjend under namnet «Dørsprengaren», noko eg var vel fornøgd med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.