Frå innsida
Eit slags farvel
GLISET: Sei frå om nokon treng ein liten og (veldig) billeg bil?
Det var ein avskjed eg hadde førebudd meg på – og grudd meg til – i fleire år. Men no var eg klar: Tida var inne for å selje bilen min.
Eg kjøpte ein mørkegrå Mitsubishi i-Miev i 2016. Det er den første og einaste bilen eg har eigd nokosinne.
Eg døypte han Lillebil og meinte det 100 prosent positivt. Han var kort og smal nok til å få plass overalt!
Motivasjonen for at husstanden skulle få ein bil nummer to, var først og fremst at henting av to små barnehagebarn skulle gå mest mogleg smertefritt.
På dette tidspunktet var det dessutan gratis å gateparkere på Grünerløkka, der eg har kontoret mitt. Det var ingen bompengar, og lukeparkering gjekk som ein draum. Livet som elbilsjåfør var godt. No kostar det over 150 kroner dagen å stå parkert i området. I tillegg kjem bompengar og alle utgifter eg gløymer mellom kvar EU-kontroll, årsavgift og forsikringsbetaling.
Å ha sin eigen bil er ikkje lenger like stas.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.