Frå innsida
Ein ukjend rekord
Her ein dag, då eg måtte rekke eit morgonmøte, sprang eg så fort at folk jubla og tok bilde. Guinness-folka var ikkje å sjå.
Foto: Paul White / AP / NTB
For ei vekes tid sidan fekk verda ein ny Guinness-rekord: Spanske Christian Roberto López Rodríguez sprang 100 meter baklengs med høge hælar på 16.55 sekund.
Den gamle rekorden var på 20.05 sekund, og den var det han sjølv som hadde.
Rodríguez har dessutan verdsrekord i å springe 400 meter med klogger (1 minutt og 38 sekund), 100 meter med flippfloppsandalar (12,10 sekund) og 50 meter baklengs med finnar på føtene (8,82 sekund). Faktisk har han 80 verdsrekordar der han spring med diverse fottøy, kanskje ei skei med eit egg i kjeften eller ein sjampanjekork i rumpa.
Men pø. Sjølv sprang eg 850 meter på 5,3 sekund her ein dag, og det ikledd bastskjørt og kokosnøttbehå, pluss at eg var berrføtt og hadde ein irriterande blomsterkrans dinglande rundt halsen. Eg måtte rekke siste bussen heim frå ein hawaiifest, 03.42, og eg rakk han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.