Frå innsida

Ein lærepenge til

Slik kan ein flott hotpot sjå ut. Det ser godt ut. Eller nei.
Publisert Sist oppdatert

Folk er rare, og dei fleste bur i Kina. Denne veka fall dommen i ei rettssak mot to 17 år gamle gutar i Shanghai. Dei – det vil seie foreldra – blei dømde til å betale til saman 2,2 millionar yuan, nesten 3,4 millionar kroner, for å ha påført ein restaurant tap av omdømme og skade på eigedom: Dei tissa i hotpoten dei fekk servert.

Det var 24. februar at dei var ute og åt på Haidilao, ei kjede med eit par tusen restaurantar. Her har borda eit hol i midten der maten held seg varm. Gutane stilte seg oppå bordet og urinerte i karet. Kanskje filma dei det sjølv. I alle fall gjekk ein video som viser at dei urinerer, viralt.

Eg håpar dei åt først.

Haidilao gav 4000 gjestar som åt på restauranten 24. februar og dei neste dagane, pengane tilbake – gonger ti. Alt av kar og fat og bestikk blei kasta.

Saka har vekt debatt, og særleg eitt spørsmål står sentralt: Kor var foreldra? Korfor passa dei ikkje på barna sine?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement