Frå innsida
Ein inspirerande fødsel
I 1726 fødde ei kvinne ein skokk kaninar. Bilda av hendinga gjekk viralt, endå dei ikkje hadde høyrt om TikTok. Denne teikninga står William Hogarth (1697–1764) bak.
For ganske nøyaktig 300 år sidan fødde britiske Mary Toft ni små, søte kaninar.
Det stod om dei i alle avisene, og bilde av kvinna og kaninane gjekk viralt. (Men sidan dei enno strevde med å finne opp mobilkameraet og TikTok, var bilda teikna, og dei stod i avisene, og blodet var kvitt.)
Toft var ei ung, gift, fattig tenestekvinne som blei gravid og dessverre spontanaborterte. Men magen blei ikkje flat igjen, og ei tid seinare fekk ho rier og fødde noko som likna eit kattekadaver. Ein lege blei tilkalla, og dei neste dagane og vekene – ja, i heile oktober – kom det fleire delar av dyr og etter kvart heile kaninar, den eine etter den andre. Legen skreiv brev til leiande legar og styresmakter, og snart kom det spesialistar frå inn- og utland for å sjå mirakelet med eigne auge. Også kongen fekk sjå eit par «nyfødde» kaninar.
Men enkelte stussa jo. Ein tysk lege argumenterte med at kaninane hadde gras og korn i tarmen. Dei hadde altså sprunge rundt ute før dei blei «fødde». Toft blei derfor overvakt døgnet rundt, og snart blei det avslørt at ho fekk smugla inn små kaninar som ho førte inn ein viss plass før ho «fødde» dei.
Ho tilstod, og ho fekk fengselsstraff, mens legane som hadde bite på, blei latterleggjorde og mista jobben. Lenge blei det engelske legevesenet sett på som lettlurt.
Korfor ho gjorde det? Pengar, sjølvsagt. På denne tida betalte folk for å sjå rare folk og dyr, og Toft kunne sikkert tene dobbelt så mykje som ei kjedeleg dame med skjegg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.