Kunngjeringar

Ein gamal katt av tre

Publisert

Katten som stod til pynt i vindaugskarmen, har velta, ikkje inn mot glaset, men ut i rommet, slik at han datt i golvet. Katten er laga av tre og var ein presang Margit fekk av tante Kjersti for mange år sidan. Ho budde i Flekkefjord og hadde eige galleri i sentrum. I ein liten verkstad laga ho alle slags figurar. Om Ronald legg godviljen til, kan han vera einig i at det minner om eit dyr – eller ein skapning, men han synest ikkje det liknar på ein katt.

Det siste året har han hatt fast plass i vindauget ved sida av ein liten nisse som sit og smiler på ein trestubbe, slik han har gjort sidan desember, no kan han snart byrja å gleda seg til jul att.

For Margit er katten vond å gje slepp på, han har liksom alltid vore her. To gonger har ho og Ronald bytt bustad, begge gongene har katten fylgt med på lasset. Dei siste tjue åra har dei budd her, og det har dei tenkt å fortsetja med, dette er siste stopp.

På grunn av at det eine frambeinet er kortare enn det andre og den lange halen står rett til vêrs, skal det mest ingenting til før katten mistar balansen. I mange år stod han på kommoden ute i gangen, men han velta heile tida. Det skulle ikkje meir til enn at nokon trampa litt hardt i golvet. Margit reiste han opp att når ho gjekk forbi.

– Nei og nei, seier Margit då ho kjem inn i stova og ser at katten hennar har ramla i golvet.

Kroppen har delt seg i fleire bitar, og halen ligg heilt borte med omnen. Det er vel Ronald si skuld, han kan vera tung i stega. Men det var merkeleg, for ho hadde støtta katten opp mot ein potteplante.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement